Latest Entries
Times. Bold. Kursiv.
Korte tekstar

Times. Bold. Kursiv.

Hovudet hans, kroppen, dukkar opp i døropninga, god morgon, seier han. Frottéhandklede rundt livet, eingong var det snøkvitt. Hendene. Fingrane. Ho set seg opp, han løyser handkledet, det fell, landar på dørstokken. Kaffi? Ja, takk, svarer ho og brettar av seg dyna, set føtene i golvet. Kaldt, kaldt – vil ha ullsokkar – golvet, stolen … Les meir

Alt har si tid
Korte tekstar / Litt på sida

Alt har si tid

Berre eit vaklevorent bord, tre pinnestolar, ein smårusten hybelkomfyr, to benkar bygd i den tida folk var gjennomsnittleg 11 cm lågare enn i dag, og ein kasse med samanraska kjøkkenutstyr frå heim og loppemarknadar var inventaret på kjøkkenet for tretten år og éin månad sidan. Eg sto og kokte spaghetti då gutungen kom ropande inn: … Les meir

5 gram kork
Korte tekstar / Litt på sida

5 gram kork

Ok. Eg tilstår. Eg er glad i kaviar. Overmåte glad i kaviar. Mills kaviar. Den blå. Har prøvd fleire andre kaviarmerker – den svenske med dill kan nesten måle seg. Men berre nesten. Så. Kaviar. På osten. På potetene. På banan… (hæ? Ja, berre prøv). Så i dag. Til frukost. Vrei av korken på ei … Les meir

Solsnu
Korte tekstar

Solsnu

For nokre år sidan var eg på skitur på denne dagen. Det var rundt 15 minusgrader, og då eg kom opp til Lilloseter, såg eg fram til å få meg noko varmt i skrotten. Ille var det då å oppdage at eg hadde gløymt pengane heime, men glad vart eg då mannen som jobba der gav … Les meir

No har det gått smulesport i det
Korte tekstar / Litt på sida

No har det gått smulesport i det

No har det gått sport i det. Ikkje i sånn skisport eller skøytesport eller bilsport eller fotballsport eller sjakkbrikkesport, og heller ikkje noko annan form for sport som samlar massane fram om fjernsynsskjermen. Den sporten eg har starta med er langt meir jordnær. Den heiter smulesport. Den krev ikkje stoppeklokke, ikkje tålmodsintelligens, ikkje ballkjensle, ikkje … Les meir

Korte tekstar

Korrekturlesaren som berre gjekk

Det som før vart kalla newspaper og blei laga av typografar, journalistar og redaktørar er no erstatta av 7,2 milliardar mobile flater som kontinuerlig skal fyllast med innhald. 2/3 av folk si digitale tid blir brukt på mobiltelefonar. Teknikarar, analytikarar, statistikarar, filosofar, designarar, reklamefolk, utviklarar, programmerarar og nokre markedstilpassa journalistar produserer appar, interaktiv grafikk og … Les meir

Hei, Sydenoslo
Korte tekstar

Hei, Sydenoslo

Hei, Sydenoslo september, 23 grader kl 16.30   Du ligg innhylla i bomullslys under meg. Ved Ekebergrestauranten står ei forsamling, dei ser ut som turistar, og myser ut over deg. Nokre tørkar sveitten. Dei hadde kanskje sett føre seg operaen din dekt av gulnande lauv før dei kom hit. Ikkje veit eg. Ved den høgste … Les meir

Korte tekstar

Sykkeldagboka II

På ein dårleg dag kan eg også sykle som eit råskinn. Eg kan peise forbi tohjulssinkene som er så syndige å stoppe på raudt lys, eg kan hive meg opp på fortauet og snirkle meg mellom dustete fotgjengarar, suse feil veg i einvegskøyrde gater og sette ny fartsrekord mellom ungane på Vålerenga skule som leikar midt i løypa … Les meir